Eg er Ingis, ein bergensbasert designer som er født og oppvaksen på Stord. Ein ekte vestlending som elskar vêret og har stor kjærleik for naturen.

Foto: Njål Lambrechts

Sjølv om mi forankring ligg på Vestlandet har eg arbeida med små og store kundar både i inn -og utland.

Eg er utdanna grafisk designer og jobbar i dag som designer og illustratør. Min kreativitet og nysgjerrighet har gjort at eg og har jobba med klesdesign og produktdesign, noko som har ført til erfaring og kompetanse innan produksjonprosessar og samarbeid med fabrikkar både i Asia og Europa.

Eg har designa klede for Snoop Dogg og joggedressar for Datarock. Gåver og produkt til Oscar-juryen i Los Angeles og skreddersydd kolleksjon for utøvarane i ungdoms-OL på Lillehammer. Eg har gjennomført fargeanalyser av logo og profilfargar for så å laga skreddersydde animerte presentasjonsmalverk for blandt anna Vestland Fylkeskommune, kommunikasjonsbyrået Mannheimer og medlemsorganisjonen Connect Vest. Eg har designa profilar og varemerker for alt i frå store oljeselskap til små interesseorganisasjonar.

Gjennom heile karriera mi har eg designa logo og identitetar for små og store artisar og designa albumcover til blandt anna Susanne Sundfør, Lido, Tommy Tee, Astrid S, Vinni, Sigrid Moldestad, Lothepus, Audrey Horne og Lars Vaular.

Ved sida av har eg bygd opp fleire eigne varemerker. I.N.I. Clothing, der eg var designer for Bergens første streetwear-merke. Roughneck, der eg var produktutvikler for high end- produkter for olje- og gass industrien. Blåster, som kreativ leder og designer for høgkvalitetsprodukter i skinn.

Det siste personlege prosjektet mitt er “Arva”. Der illustrerer eg blomar og dyr i gamal skuleplakatstil. Du kan lesa meir om prosjektet her: www.arvabyingis.com

Skriverier